subira sin store dag
Ei stor ære! Det var ikkje heilt ulikt ei norsk konfirmasjonsfeiring, i alle fall dersom du ser vekk frå den fire timar lange gudstenesta, den overdådige finstasen til jente-konfirmantane og mangelen på kaker. Kjekt var det uansett.
Apropos kaker; Inger Line hadde baka kaka for dagen - sjokoladekake med krem, på bestilling frå konfirmanten sjølv. Vart ikkje store beten per gjest, men du all verda så god den kaka var!
Subira er ei super jente - ho er søt, dugande flink på skulen, og dessutan god i fotball. På toppen av det heile snakkar ho rogalandsk. Blir sikkert eit godt koneemne på sikt, berre synd at ho er litt for gammal for nevøane mine. Men ho har eit par systrer i deira alder ...
Spanande dette med systrene! Kor gamle er dei?

